sommarskulen - oppsummering

Satsinga på sommarskule i Vanylven kommune har blitt vidareført frå fjordåret, og nok eit vellukka prosjekt er drege i land av Marianne Løseth og dei andre lærarane på sommarskulen.

Dei første dagane av sommarskulen var det slik att du er saman med dei du kjenner, og som bur i same bygd som deg. Men allereie i løpet av den første veka av sommarskulen var uttrykket ?vi på sommarskulen? skapt. Den sterke fellesskapen gjorde det mogleg att vi kunne ta 54 ungar og ungdommar, sete dei saman, og få dei til å skape magi på scena.

Det er altså snakk om Noregs første sommarskule med temaet revy. Innanfor temaet revy har elevane lært om dans, musikk, sminking, kulissebygging, kostymelaging og teater, men likevel har det viktigaste vore at alle elevane sjølv skal få velje kva dei skal gjere. Det beste med dette prinsippet er at du aldri treng å keie deg, nett fordi du bestemmer i kor stor grad du skal ha det kjekt sjølv.  Mange kom også  inn med heilt andre forventningar og interesser enn dei gjekk ut av skulen med. Somme har funne ut att det er kult å spele teater og skrive sketsjar, medan andre har funne ut at det fint går ann å like Heavy Metal og kostymedesign samtidig. Og på sommarskulen kan du drive på med både kostymedesign og rockemusikk. Det same gjeld innan sminke og teater. Sketsjane og kostymene vert nett like rocka som du lager dei sjølv. Det er berre fantasien som set grenser. Og når vi ser tilbake på det elevane har laga av kostymer og sminkeskisser, er det ingen grenser. Det einaste som gjeld er kor mykje ein sjølv vil.

To måltid kvar dag har også bidrege til at vi kan halde piffen oppe kvar dag i to veker. Varm lunsj klokka tolv, og frukt klokka to hadde vi fast. Dette vart veldig godt motteke av elevane.

 På dei to vekene har vi i tillegg til å sette saman revyen, vore på to utflukter. Ei til Sandvikgarden og Sandviksanden, og ei til Ripsdalssætra. Desse utfluktene har også vore med på å skape eit sterkare samhald. Vi har sjølvsagt tatt med oss arbeidet, og brukt naturen så mykje som vi kan for å få inspirasjon, og til å øve i meir ope terreng enn gymsalane og klasseroma på Myklebust skule.

Samhaldet, innsatsen og  ikkje minst resultatet elevane har arbeidd seg fram til viser tilbake til eit svært vellykka prosjekt. Både lærarar og elevar har trivast, sjølv om det somme tider har vore litt hektisk. Ungane har vore med på heile prosjektet, og i tillegg til å lære om dans, musikk, sminking, kulissebygging, kostymelaging og teater har dei lært ein del om kor mykje som ligg bak mange ting, og som om det ikkje var nokk, har dei nådd målet med glans; å lage ein sommarrevy.

God sommar til alle!

Sommarskulen er slutt for i år

No er sommarskulen ferdig for i år, og det er kanskje ikkje berre kjekt med fri, men også leitt å slutte på sommarskulen. Uansetthar vi hatt det kjempekjekt, og hadde to kjempeforestillingar Laurdag. Vi skal vere nøgde med eit så godt resultat! God sommar til alle som har vore med på sommarskulen. Det har vore kjempekjekt å få delta i projektet, og eg håpar det vert sett opp eit liknande til neste år, dersom det let seg gjere.

Legg sjølvsagt ved nokre bilete frå forestillinga også.

Bandet gjer seg klar til å spele.

Grille grille grille grille!



Grillkongen

Vakker song

"Eg kan gå på butikken for deg!"

Skumlingar, eller?

Sunnmøringar, og ein trønder, på ferie i Paris.

Vi var så heldige å få besøk av Bjørn-Johann Muri!



Bollywoob dans og fengjande rytmer.

God sommar til alle!

Torsdag 1. Juli

Vi starta dagen med ein solhilsen, og det hjalp visst, for sola kom, og vi fekk eit kjempe flott ver denne dagen. 

I dag har det skjedd veldig mykje på sommarskulen, og eg trur det har vore stor framgong i alle grupper. Det har dukka opp nye kulissar og kostymer av forskjellige artar, og mange sketsjar, dansar og musikkinslag har komme på plass. Vi gler oss veldig til Laurdag, og få vise fram litt av det vi har drive med, og håpar på att så mange som mogleg tek turen innomm på Syvde samfunnshus.

Minner om førehandssal av bilettar på Comfort Syvde, og plakatane er på god veg ut i bygdene.

Seier ikkje meir, men dykk skal sjølvsagt få sjå litt av kva som har skjedd i dag :-)

Dei nye tvillingane på sommarskulen?

Ein solhilsen... som hjalp



Den eine vakrare enn den andre.



Kva er dette ??


 

Kulissarbeid i stor skala.

Someone stole my camera...

Sandvolleyball



sketsj




Kulissarbeid

Onsdag 30. Juni

I dag har det vore ein skikkeleg jobbedag på sommarskulen. Vi har arbeitt for å få ferdige dei fleste enkeltinnslaga framfor morgendagens igjennomgang. Vi kom ikkje heilt i mål, men er godt på vei, og har begynnt å få ein smak på resultatet. 

Vi har også starta arbeidet med å bygge kulissar, og ser før oss kordan vi vil lage til scena.

 

God hjelp på kjøkenet.

Førstesida på Regionavisa :)

Brille brille brille :)

På besøk i kostymekjellaren

 

 

Tysdag 29.06 -Sandviksanden

Tysdag reiste sommarskulen til Hakkalestranda, Sandviksanden og Hakkalegarden. Vi var kjempeheldige med veret, og det var tilåme somme som bada, sjølv om eg misstenkjer at det var litt kaldt. Det vart også litt øving på dans, og andre ting som skal vere med på revyen på laurdag 3. juli. 

 

 

Volleyball



Godt stasjonerte.

Hiphop på Hakkalestranda.



Fornøgde med dagen ?? :)

Mondag 28.Juni

I dag har revygruppa fått namn. "Vanylvis", heiter vi no. Vi ser også att ting har begynnt å falle på plass, både når det gjeld sketsjar, musikk, dans, kostymer og sminke. Til i morgon håpar vi på godver, då vi skal på Sandviksanden. 

Eg rådar dykk også til å fylgje med i avisene, utover i veka.

Legg også ved nokre bilete frå dei siste dagane på sommarskulen.




Marianne sminka ingrid, eller er det Ingrid??


Bollywoodmiljø i "Hip'n hop" (også kallt gamlegymsalen)



Jam i Musikkbingen
 


Trommis

Onsdag 23. Juni - tur til ripsdalssætra

Veret var flott, og alt låg til rette for ein vellukka tur til Ripsdalssætra i Syvde. 

Vi gjekk i frå skulen i syvde omlag kl. 10:30, og var framme ein time etterpå. Då vart det grilling, og ein god lunsj, før vi delte oss opp, og tok til med andre aktivitetar. Denne dagen var også somme av oss på Åheim, og hadde ein liten "happening" i høve Jonsokfeiringa. Dette måtte øvast til, og det opne terrenget kom til nytte.
 


Hva skjeeeeeera' ?


Etter nokre forsøk klarde vi å samle alle på eit bilete.


Flott med fotballbane på Sætra.



Øving til dagens "happening" på Åheim


Heksefølgje på Åheim.

 

Trommisar og dansarar på Åheim.

 

Det vart også teke vodeo opptak av dansen, som er under vegs til bloggen ;)

Tysdag 22. Juli

I dag fekk vi besøk av Øystein Eckhoff Holsvik som arbeider fast som trubadur og musikar. 
Dagen baud på kostymer, heksedans og oppstarting av bandverksemd i musikkbingen. I tilleg har sketsjar blitt skrivne, og somme har sikkert begynnt å danne seg ein mal, om korleis revyen skal vere. 


Det er også kjekt når det har begynnt å vise at det er arbeid på gong i systova :)

Heksedans i sving. Vi ser også att nokon av kostymene har begynnt å kome på plass.

Koreograf Stine Tamlag ser vi i midten av biletet

Eg er også svert nøgd med å fortelle at vi på tolv timar har fått 250 sidevisingar. Dette er bra! Spre bloggen alle saman, så kan vi klare mange fleire.

På tampen vil eg minne om jonsokfeiring på Åheim, der sommarskulen vil markere dagen med eit aldri så lite innslag :)

sommarskule 1

video:sommarskule 1

Første videoblogg frå sommarskulen

Sommarskulen 2010

I Vanylven kommune vert det arrangert sommarskule i to veker (Mondag 21.Juni - Laurdag 3. Juli).
På sommarskulen vert dei i alt 55 deltakarane få oppleve ei reise igjennom scenekunsten si verd, mot målet å lage ein eiegnen sommarrevy.

Kommunalsjef Gunnvor Strand klipper snora.


Marianne Løseth underviser her i teatersminke. 


Lunsjen på "Teaterresturanten" vart teken godt i mot. 


Etter lunsj vart det tid til diverse øvelsar, innanfor temaet stemmebruk. 

Vi ser fram til å sjå resultatet av undervisinga, og inviterer alle til sommarrevy Laurdag 3. Juli i Syvde.

Les mer i arkivet » Juli 2010 » Juni 2010
sommarskule

sommarskule

0, Vanylven

I Vanylven kommune vert det arrangert sommarskule i to veker (Mondag 21.Juni - Laurdag 3. Juli). På sommarskulen skal dei i alt 55 deltakarane få oppleve ei reise igjennom scenekunsten si verd, mot målet å lage ein eiegnen sommarrevy. Alle er inviterte til denne store hendinga Laurdag 3. Juli :)

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits